KGG - KOLBOTN GARASJE GALLERI

Koppen & Jorkjen

Cuckoo 4ever
Fredag 22. april, kl 19:00-22:00

KGG har gleden av å presentere kunstnerduoen Koppen & Jorkjen, som vil vise utstillingen «Cuckoo 4ever». Utstillingen åpner og er åpen fredag 22. april 2022, fra kl 19:00 til ca 22:00. One night only. Velkommen!

...

Koppen & Jorkjen er ein duo beståande av Finn Adrian Jorkjen og Henrik Koppen. Dei presenterer rituelle performancar og høyrespel som vert ein del av deira eigen, ekspanderande mytologi der element av religion, heidenske tradisjonar og populærkultur blandast. I arbeida sine undersøker dei grunnleggande spørsmål rundt identitet, skapelse, død og fruktbarheit frå eit queer-perspektiv. Koppen & Jorkjen undersøker øvingar i kollektive opplevingar, og har som mål å skape nye ritualer som dei meiner trengs i ei forvirrande verd.

På KGG vil publikum oppleve måleri, skulptur og performancekunst i ein total installasjon i form av ein urgamal, mytologisk bar med namn “Gjøken”. Ifølge norske segner kan gjøken både vere lykkebringar og spå framtida. Med utstillinga “Cuckoo 4ever” vil duoen undersøke gjøken si rolle i kulturen og mytologien, ulike ritualer og tradisjonar for fest og samvere, og forholdet vårt til “tid”.