TEXT

Kunstinstallasjonen - ein vekkjar

Art Review
Magnar Åm, Møre 17. juli 2015

Mange har sikkert fått med seg Astrid Runde Saxegaard sin kunstinstallasjon i Aasentunet. Den har vekt diskusjon. Somme seier den er uforståeleg. Andre at den ikkje er den typen kunst dei vil omgi seg med til dagleg. Atter andre finn den fasinerande. Eg hadde gleda av å vitje den saman med ein ven. Me sette oss ned på den tillaga sitjeplassen midt i utstillinga. Der hadde me god utsikt til alle delane av den.

Først las me om temaet for utstillinga/installasjonen: TILLIT. Så fokuserte me på eitt og eitt av dei skulpturelle romelementa og prata laust og fabulerande om kva dette kunne ha med tillit å gjere. Då oppdaga me etter kvart at kvar skulptur for seg utfordra oss på vår eigen tillit: Fekk me tillit til denne bedande personen med eit horn i panna og stikkande auge? Fekk me tillit til desse kransekakebrudgommane som hang i eit slør? Fekk me tillit til denne innsmigrande, smilande leoparden med sine tome, ventande tallerkar? Fekk me tillit til at dei oppblåste silikonbrysta som utgjorde ein annan skulptur kunne gi næring til det tyrste spedbarnet, nesten bortgløymt nede i eit hjørne?
På veg ut møtte me likevel noko som ikkje ga inntrykk av å vere falskt, sjølv om dette også var karikert: ei sliten, grelt rosa kvardags-morgonkåpe med strikkande hender. Strikketøyet var uendeleg langt og inkluderte ein «sigershanske» forma som eit V-teikn. I bakgrunnen såg ein det romantiske mjølkesjokoladebiletet av ei bunadskledd ungmøy i solskin. Men morgonkåpa, strikketøyet og den lett humoristiske, men kjærlege assosiasjonen til ei annsam mor var nok det som gjekk av med sigeren og fekk vår tillit på terskelen til kvardagen igjen.

Heile installasjonen sa med andre ord noko om alt det falske som er ute etter vår tillit. Kanskje var den karikert store leikeleoparden symbolet på den enorme plassen underhaldninga har fått i våre liv, samanlikna med vår vilje til å fylle alle dei tome matfata kring i verda? Kanskje var dei overdimensjonerte brysta eit symbol på ei altfor stor kroppsfiksering som utkonkurrerer fokuseringa på kva som er vår oppgåve i livet? Utstillinga sette altså spørsmålsteikn ved mangt som me ureflektert gir tillit og vekt i liva våre.

Slike tankar utløyste denne utstillinga. Kunst-installasjonen vart ein vekkjar, fordi den utfordra vår evne til å forstå gjennom samtale noko som kanskje ikkje var forstått medvite til då.


Magnar Åm