EXHIBITIONS

heimfall

Bakketunet, Bjørke
juli-august 2021

Heimfall er Astrid Runde Saxegaard sitt bidrag til Bakketunet si store sommerutstilling «Stein på Stein», sommeren 2021. Heimfall er montert i sauefjøset. Utstillingen er åpen hver søndag i perioden 11.7.-22.8.2021.

Tekst fra katalog:

Alt starta med billa som døydde under foten min. Ho var av typen Gullhårbasse. Eit morosamt namn. Eg vart trist for å ha trakka på ho. Og inspirert. Tenk på alle insekta. Vi lever her i lag. Biller med vakre namn og sommarfuglar med vakre fargar, møll som legg egg i ullkleda våre og små larvar som et av ulla for å vekse. Tøyfillene mine vart delar av insekt. Ull og viskose. Natur og kunst.

Vi er så vane med å drepe insekt utan å tenke oss om. Insektspray vert selt i same butikken som sel insekthotell. Vi tenker oss ikkje om, vi trakkar på insekt, og vi kastar tøy med hol i. Og til slutt endar søpla vår langt borte, der dei bøter og flikkar på det, eller berre har det liggande.

Bestefar hadde bestekle og kvardagskle. Og når det vart hol i strikkakufta, kan eg hugse at bestemor bøtte, og kufta vart enno vakrare, og sterkare. Noko å arve.

- Ta vare på.

- Verne.

- Tenke seg om.

- Dele.

Ein morken kaffisekk, ei gamal heimehekla sofapute på veg til søpla, kan bli til historier. Kanskje ser du eit ansikt eller eit insekt. Noko i komposisjonen.

Materialet er med og bestemmer. Det er bodskapen i seg sjølv. Ikkje klippe, heller legge noko under, forsterke, brette, legge til. Hekle ein kant, strikke ein ny del. Sjå kva det vert. Kva som passar øvst, det tunge nedst. Interessante fargemøter. Former som vert ei historie. Og alle kan sjå ulike ting.

- Alle desse ullteppa.

- Kvitelar.

- Kven har eigd dei?

- Hatt dei i sengane sine?

Nokre folk hadde sengetepper av viskose. Kanskje fintfolk. Volangar og pastellfargar. På Notodden var der eit spinneri i 60 år. Dei spann viskosetråd i alle fargar. Glatt og ganske tynn tråd. Og vakker. Eg fann ein heil haug av denne vakre tråden, nokre sneller nesten heilt oppmorkna. Det sto 1939 på nokre.

Eit spinneri var tilbake i tida avhengige av vasskraft. Staten bestemte at ein måtte ha konsesjon for å nytte elva eller fossen. Konsesjonen varte eit bestemt tal år, så gjekk retten til å nytte elva tilbake til fellesskapen. Heimfallsretten. Ein kunne ikkje eige elva. Dei kunne nytte ho ei stund, men fellesskapen eigde elva i lag.

Slik er det med alt vi har. Vi har det ei stund, og kan nytte det på best mogleg måte. Så synd at fine fargar på viskosetrådar kan ha medført giftige utslepp i elvar. No er det ikkje på Notodden lenger, men kanskje i India. Dei lagar vakre ting til oss, men forgiftar elvar.

Daudningehovudet kan vere gyseleg, men også vakkert. Ein del av oss. Ein del av naturen. Det kan minne oss om at vi skal døy. Minne oss om at vi må leve. Memento mori.

- Tiltrekkande og fråstøytande.

- Ta vare på. Forgå.

- Tosidig.

- Rørsle. Stillstand.

Vi har kroppen til låns. Livet er eit blaff. Ein gong vil berre tennene ligge att.

Mormor hadde gullpompongar rundt gardinene sine. Pompongar av viskose. Det grøne liggeunderlaget er en kontrast. Med minner frå hytta på 80-talet. Fin grønfarge. Til å sitte på i snøen, på stranda, ligge på, ete på, sove på. Fester det her før det smuldrer opp og drep.

Målarar er ein sommarfuglar. Først er dei grøne larvar som beveger seg som om dei måler underlaget. Seinare vert dei sommarfuglar med store vakre venger. Dei flyg i skumringa. Og når dei kviler seg held dei vengene utbreidde, og alle kan sjå kor vakre dei er.

Astrid Runde Saxegaard

Volda, juli 2021

Utstillingen er støttet av Billedkunstnernes Vederlagsfond

Photo Ingrid Runde Saxegaard
Photo Ingrid Runde Saxegaard
Photo Ingrid Runde Saxegaard
Photo Ingrid Runde Saxegaard
Photo Ingrid Runde Saxegaard
Photo Ingrid Runde Saxegaard
Sauefjøset
Bakketunet, Bjørke
Photo Ingrid Runde Saxegaard